På Kråen Gard har vi ein eigen fjordsauna som er vedfyrt, denne kan leigast av alle og ligg vakkert til nede ved sjøkanten. Der har vi også ein badestamp som kan bestillast med varmt eller kaldt sjøvatn. Inviter med deg venner for ein herlig opplevelse.
Retningslinjer når du bruker badestova: All bading og bruk skjer på eige ansvar, og vi ber om at desse retningslinjene vert fylgde:
Kun ferskvatn på ovnen - Dette er viktig slik at ovnen ikkje vert øydelagd.
Håndklede- Vær vennleg og bruk dette til å sitte på inne i badsturommet, ta med eige eller du kan leige frå oss.
Badedrakt/bukse - Du må ha med badeklede.
Skifterom - Det er eige skifterom/garderobe ved badestova.
Alkohol - Vi anbefaler ikkje alkohol kombinert med sauna eller bading. Maksimalt to einingar, unngå drikke som kan sette farge på treverket. Det er ikkje tillatt å nyte alkohol utanfor badestova/garderoba. Personar som er synleg berusa, kan verte nekta adgang.
Snacks- Nyt gjerne medbrakt snacks, men det er ikkje tillat å nyte dette inne i badestoverommet av hygieniske årsaker
Badestamp - Det er tilgjengelig badestamp med kaldt sjøvatn rett ved sidan av badstova.
Toalett - Oppe på gardstunet er det toalett.
Søppel - Søppeldunk står på utsida av badestova. Vi set stor pris på at ein ryddar fint etter seg, slik at det er klart til dei neste gjestane.
Booking Inviter med vennar og bestill ønska dato og tid. Inntil 6 personar. Badestova er vedfyrt og kan bestillast ferdig oppvarma. Pris frå kr 700,- 120 minutt Opningstid kl 10:00 til 21:00 alle dagar. Vi kjem om ikkje lenge med eige bookingsystem, inntil vidare ta kontakt på melding eller e-post for bestilling [email protected]