Lokale opplevelser
Frå tunet på gården kan du nå unike naturopplevingar til fots langs strandlinja, i skogen eller på fjellet, her kjem du nært på naturen og dyrelivet. Små korte turar som gir mestring og ro og fred i sjel og sinn.
Vil du litt lenger kan du oppleve øyhopping med ferge fra Larsnes til øyane Voksa, Sandsøya og Kvamsøya. Eller ein guidet grottetur til Dollsteinhola på Sandsøya, der Kong Arthur etter sagnet skal ha begravd ein skatt.
Du kan låne kano og padle rolig langs med holmer og skjær. Samt la deg begeistre av nærleiken til storhavet, og kanskje møter du ein sel, ei nise eller ser ei ørn som stuper i sjøen for å sikre dagens fiskemåltid. Du kan sjølv også ta med fiskestang og prøve lykka frå dei mange svaberga i nærområdet.