Dollsteinhola – ei reise inn i natur og sagn
Bli med på ei unik utflukt frå Kråen Gard til den legendariske Dollsteinhola på Sandsøya, ei av dei mest fascinerande grottene på Sunnmørskysten. Turen går gjennom ope kystlandskap langs storhavet før stien stiger opp mot holeopninga, som ligg om lag 60 meter over havet i fjellet Dollsteinen.
Dollsteinhola er ei om lag 180–200 meter lang havskapt grotte med fleire kammer og tronge passasjarar som opnar seg innover i fjellet. Grotta vart danna av bølgjene frå havet i ei tid då landnivået var lågare enn i dag, og arkeologiske funn viser at menneske kan ha opphalde seg her i forhistorisk tid.
Undervegs på turen fortel guiden om dei mange sogene som knyter seg til denne mystiske staden ei av dei er mellom anna legenda om at Kong Arthur skal ha gøymt ein skatt i grotta, og at hola ein gong vart sagt å strekke seg heilt under havet mot Skottland.
Opplevinga kombinerer dramatisk natur, lokal historie og ekte utforskarstemning. Etter vandringa inn i grotta avsluttast turen med ei enkel lunsj basert på lokale råvarer før returen til Kråen Gard