Jazzcafe VEGARD HOLUM SINGS - ein hyllest til Chet

Jazzcafe VEGARD HOLUM SINGS - ein hyllest til Chet

17 oktober inviterer vi til jazzcafe på Kråen Gard

VEGARD HOLUM SINGS - ein hyllest til Chet

 Oppvaksen i ein musikkfamilie omgitt av kor og song vart Vegard Holum tidlig opptatt av melodien. Korleis den heilt på egenhand kan skape spenning og brått bli kraftfull eller mjuk i møte med andre musikalske elementer. Som aspirerende jazztrompetist retta han fort merksemda mot sjølve nestoren innen melodisk trompetspel, Chet Baker.
Hans uanstrengte og horisantale melodiføring over hyppige akkordskifter var djupt fascinerande. Ingen behov for å imponere eller flashe sin trompetbriljans. Han berre var musikken. 

Vegard Holum - trompet og vokal
Norvald Dahl - piano
Lars Martin Vik - bass
Børre Dalhaug - trommer
 
No ønsker Holum å dykke ned i Baker sitt musikalske univers. Han har plukka ut sine favoritter frå katalogen og tar på seg rollen som både trompetist, vokalist og bandleder. For å tolke musikken har han fått med seg eit stjernelag av lokale musikere og saman vil dei hylle «The Prince of Cool».

Denne kvelden byr vi på et perfekt måltid som passar inn i stemninga.
Eit rikholdig fat av nøye utvalgte ostar og spekeskinke med tilbehør. Med råvarer levert av gode norske lokalmatprodusentar.
Må bestillast på førehand.

Dørene opnar kl 18:00 musikarane går på scena ca kl 19:30

Ope til kl 01:00

Kjøp billettar her 

Hjerteleg velkomne til gards!

Med beste helsing 
Terje & Veronika 
Kråen Gard

img

Overnatting

Rooms intro

Les mer