Frå tunet kan du til fots nå unike naturopplevingar langs strandlinja, i skogen eller på fjellet, her kjem du nært på naturen og dyrelivet. Små korte turar som gir mestring og ro og fred i sjel og sinn. Vil du litt lenger kan du oppleve øyhopping med ferge fra Larsnes til øyane Voksa, Sandsøya og Kvamsøya. Eller ein guidet grottetur til Dollsteinhola på Sandsøya, der Kong Arthur etter sagnet skal ha begravd ein skatt.
Du kan låne kano og padle rolig langs med holmer og skjær. Samt la deg begeistre av nærleiken til storhavet, og kanskje møter du ein sel, ei nise eller ser ei ørn som stuper i sjøen for å sikre dagens fiskemåltid. Du kan sjølv også ta med fiskestang og prøve lykka frå dei mange svaberga i nærområdet.
Dagsturar
Eit opphald hos oss gir deg eit unikt utgangspunkt for å nå mange unike attraksjonar i regionen. Fra tunet ser du rett ned på det mektige Stadlandet, den uvirkeleg vakre halvøya yst ute på Nordvestlandet, med naturperler som tar pusten fra en, og med strender som kjem inn på «The Guardians» liste over dei ti beste surfeplassar i verda. Ein times kjøretur austover og du er midt i Sunnmørsalpene med mektige alpine fjell som stuper ned i grøne fjordar. Vidare kan du reise gjennom vakre Norangsdalen til Hellesylt og Stranda, deretter vidare til Valldalen, Trollstigen og Geiranger. Nordvest ligg fugleøya Runde og Jugendbyen Ålesund. La oss gjerne hjelpe deg med å skreddarsy dine unike opplevelsar, så kan du etter endt dag nyte ein rolig kveld på Kråen Gard.